Om oss

Lote Elektro AS er eit veldrive elektroinstallasjonsfirma med seks ansatte. Vi held til i Sørstrandsvegen 43 på Sandane i Gloppen kommune. Utanom vår eigen kommune tar vi også på oss oppdrag i heile Nordfjord og Sunnfjord. Vi utfører alle typar sterkstraum- og svakstrauminstallasjonar. Alt frå små serviceoppdrag til komplette elektriske anlegg i bolig, landbruk, næring, kraftanlegg og havbruk!

I Lote Elektro AS har vi tre kjerneverdiar:
- Kundeservice
- Kvalitet
- Kunnskap

Under kan du lese meir om kva vi arbeider med

 

Varmeanlegg

Vi utfører alle typar varmeanlegg. Enten du skal ha panelovnar i standard utførelse eller design ovnar i glas. Vi monterar varmekablar i betongkonstruksjonar, i lavtbyggande golv eller under parkett. Ynskjer du varmekablar i oppkøyrslar, på tunet ditt eller som sikring mot isdannelse i f.eks. takrenner har vi løysingar for det også!

         

 

Lysanlegg

Vi samarbeidar med leiande lysleverandørar og gir deg gjerne forslag på alle typar belysningsanlegg. Enten det gjeld lysinstallasjonar i heimen, kontor, belysning i butikkar, fabrikklokale eller restaurantar                  

 Tele og datanettverk

Vi leverer sertifiserte komplette tele- og datanettverk. Alt fra einbrukar anlegg til komplekse anlegg for mange brukarar. Hjå oss får du også, datarack, UPS, patchepanel med meir

 
 

Brann og nødlysanlegg

Vi leverer og monterer komplette brann og nødlysanlegg. Alt fra enkle frittståande anlegg til adresserbare store anlegg for borettslag og næring

Prosjektering

Vi hjelper deg gjerne med prosjektering av ditt elektriske anlegg. Vi kan levere teikningar i DAK-format, ogso i 3D

Oppbygging av IK/HMS system for næring og borettslag/ sameier

Vi hjelper deg gjerne med elkontroll av din eigedom, eller oppbygging av IK / HMS-system for ditt borettslag eller næringseigedom

Ladestasjon for elbil

Våre elektrikarar har ekspertise og kompetanse til å montere gode ladeløysingar for elbil i private heimar,  i boligsameiger og borettslag, og i bedrifter 

Smarthus løysingar

Du får større komfort og ofte også lavare straumrekning. Når du kontrollerer dei elektriske installasjonane i huset ditt via eit styringssystem vil du oppleve mange nye fordelar

Varmepumpe

Vi har i over 20 år vore forhandlar av Panasonic varmepumpe. Dette er pumper av særs god kvalitet, og er tilpassa norsk klima. Ta kontakt for eit god tilbod!

 

Rådgjeving

Vi hjelper deg gjerne med råd slik at du kan få eit elektrisk anlegg med god kvalitet til ein fornuftig pris

 

 

Våre spesialområder:

- Kundeservice
- Kvalitet
- Kunnskap

Lote Elektro AS
Org.nr.: 998852978
Medlem av:
Godkjenninger:
Nelfo
Ekomnettautorisasjon
Godkjent lærebedrift - vi har lærling